Greit å ta sine forholdsreglar før jul.

Dette bør du vite før juleshoppingen

Kvart einaste år kjem hundrevis av julegåver vekk før dei hamnar under juletreet. Ikkje alle vert erstatta.

– Seinast sist veke måtte eg skuffe ei kvinne som hadde mista eit gullkjede til ein verdi av over 20 000 kroner på reise, seier reise-ekspert i Tryg Forsikring, Roy Vetaas.

Grunn? Ho hadde ikkje pakka det i handbagasjen, men i kofferten. Dette gir null kroner i erstatning.

– Reglane er slik at alt av verdigjenstander må pakkast i handbagasjen for at det skal vere dekka mot tjuveri eller skade på forsikringa, seier Vetaas, som kan fortelle at dei årleg får melding om fleire hundre julegåver som enten er stjålne eller blitt skadde.

– Mange av desse gåvene kunne vore redda om dei var pakka slik dei skulle, seier Vetaas.

Alt som er tjuveriutsett er å oppfatte som verdisaker. I kofferten legg du klede og toalettsaker, verdisaker tar du med som handbagasje.

Shopping i utlandet, gå på raudt
Det er imidlertid ikkje nok å pakke bagasje og julegåver på skikkeleg vis. Skal du på juleshopping i utlandet, må du også hugse på tollreglane.

– Kjøper du varer for meir enn 6000 kroner på reiser, må du gå på raudt på heimvegen og fortolle varene. Er ikkje gåvene fortolla, er de «ulovleg interesse» og dermed ikkje omfatta forsikringsdekning. Dette gjeld alle typar forsikringar, seier Vetaas.

Å ha tollklarert varer du har kjøpt i utlandet betyr også at du har dokumentasjon i tilfelle vara vert stjålen ved eitt seinare høve.

– Kanskje noko å tenke på for dei som kjem heim med ein iPhone X eller dyre handvesker i bagasjen. Har du ikkje tollklarering betyr det ingen penger i tilfelle tjuveri, seier Vetaas.

Ikkje la bilen bli utstillingsvindauge
Den store majoriteten kjøper julegåvene innanlands. Også for desse er det viktig å ta sine forholdsreglar dersom ikkje jula skal bli ødelagt av gåver som blir stjålne.

– Om julegåvene først er komne i hus, dekker innboforsikringen eventuelt tjuveri, men det er ei heilt anna sak om julegåvene ligg og fristar i bilen. Vi dekker normalt ikkje tap av verdigjenstandar frå bil. Du bør derfor gøyme gåvene i eit låst bagasjerom.

– Let du julegåvene skine gjennom bilvinduet, risikerer du både knust bilrute og eit tomt juletre, sier Vetaas.