Her tek sykkelstiane form på Vereide, den første delen på to kilometer skal vere ferdig til slutten av august. Frå venstre, anleggsleiar i Rekkje Stiutvikling AS, Lars Melbye Kvisgaard, Trygg Lindkjølen, Adrian Krohn Tøien og Sondre Tømta.

-Dette blir landets råaste sykkelsti

Sidan byrjinga av juni har Rekkje Stiutvikling AS jobba med å grave, byggje og dosere svingar og hopp i det som skal bli eit nytt nettverk av sykkelstiar på Vereide. Første etappe skal vere klar i slutten av august.



To kilometer lang skal den første sløyfa av sykkelstien vere, og denne sommaren vert han bygd i området innanfor og bak Bakkelid på Vereide. Bringebærkratt, humpete, ulendt og delvis skogkledd terreng dekkjer bakkane der sykkelstiane er anlagt. Og det er bratt, men det er berre bra, ifølgje hjernane bak løypa.
– Perfekt terreng
– Dette er prima terreng for å byggje sykkelstiar. Det er variert, lett å dosere og lage fine svingar og humpar, samt passeleg bratt – heilt perfekt, fortel anleggsleiar Lars Melbye Kvisgaard i Rekkje Stiutvikling AS.
Hellingsgraden vert i gjennomsnitt sju prosent, noko ein får til ved å lage mange svingar og sløyfer slik at det ikkje vert for bratt, då kan ein ganske lett kome seg opp bakkane utan gå av sykkelen. I snitt får dei bygd 35 meter sykkelveg kvar dag. Arbeidet starta 4. juni, og skal etter planen halde fram i tretten veker, til slutten av august.
– Det var «gull» at det kom litt regn for nokre dagar sidan, det gjer oppgåva vår litt lettare. Men elles har det vore gode og effektive arbeidsforhold, og vi har jobba lange dagar for å kome i mål med oppdraget før sommaren er over, fortel Melbye Kvisgaard.
Etter at stien er graven ut og «lagt på plass», er det ein god del etterarbeid med fylling av singel og grus, raking og rydding. Til slutt skal stien pakkast hard med ei hoppetusse slik at ein unngår at han blir for mjuk og sporete. Arbeidet er kome om lag halvvegs, og sykkelstien er begynt å ta form. Han svingar seg gjennom granskog, over ei lita elv, og med mellomstore og litt større humpar innimellom.
Blå løype
– Det blir blå løype, det er ei vanskegrad som både ferske terrengsyklistar fint kan klare å sykle og ha det kjekt i. Dei meir erfarne kan auke farten og bruke svingane på ein meir aktiv måte, fortel anleggsleiaren.
To gravemaskinar og fem mann er i sving for å gjere ferdig den delen av løypa som skal stå klar ved skulestart på Nordfjord Folkehøgskule i slutten av august. Kor løypa skal gå, vart markert med små flagg i fjor, og så er nokre tre blitt felt her og der for å gje plass til traseen.
– Vi prøver alltid å finne ut kor vatnet går, og legge stien etter det. Målet er at det skal vere minst mogeleg slitasje og skade på terrenget når stiane kjem i bruk, og at slitasjen skal kome mest mogeleg midt på sjølve stien, ikkje langs heile breidda av vegen. Når vi bygger stiane er det eit mål at landskapet rundt skal vere mest mogeleg urørt. Om stien går ut av bruk, går han raskt tilbake til naturen, fortel Lars Melbye Kvisgaard.
Sogndalsverksemda Rekkje Stisykling AS vart skipa i 2014, og har ei rekkje store og mindre oppdrag bak seg, mellom anna eit stisykkelsenter på Kaupanger i Sogn. Skjermvegen friluftsområde på Byåsen i Trondheim er under utbygging, og skal etter planen ferdigstillast i 2019. Dialektene til dei som er sving i terrenget på Vereide avslører at ingen av dei er oppvaksne i Sogndal. Der møttest dei gjennom studiar og ei felles interesse for ski, friluftsliv og utfordrande natur.
– Attraktivt reisemål
Trygg Lindkjølen er ein av landets beste freestyleutøvavrar på ski, og nyleg tilsett i Rekkje Stiutvikling AS. Han har òg stor interesse for og har brukt mykje tid på terrengsykling. Denne våren leverte Lindkjøling bachelor oppgåva si ved Høgskulen i Sogndal. Han skreiv om utvikling av stisykling og korleis det kan påverke kor attraktivt det er å bu på ein stad, samt kor stor turisme og reiseliv ein kan forvente å få.
– Det ein ser er at om det er fleire løyper i eit område, aukar det attraktiviteten. Folk er villege til å reise langt for å bu nokre dagar i eit område og sykle dei løypene som er der. Då legg dei igjen pengar fordi dei brukar butikkar og overnattingsstader. Eit stisykkelsenter gjer òg ein stad meir attraktiv å bu med alt det medfører, fortel Lindkjølen.
Eit stort oppdrag
Han fortel at stisykkelsenteret på Vereide er ei eit stort oppdrag for verksemda. Han har god tru på at resultatet skal bli veldig bra.
– Dette skal bli landets råaste sykkelløype, terrenget er ideelt for varierte og artige stiar å sykle, og når marka er så kupert som ho er her, kan vi dosere svingane slik at det er råd å ta ut maksimalt frå stien. Eg trur Sandane kan bli eit reisemål for folk som driv med denne sporten. Det er mange i miljøet som har fått med seg det som skjer, og som har høyrt om sykkelløypene på fjella her og det som skal byggjast, fortel Lindkjølen.
Planen er at stisykkelsenteret skal utvidast med fleire trasear i seinare byggesteg.