Politiet har hatt kontroll. (Arkivfoto)

Det vart for mange prikkar

Ein sjåfør vart fråteken sertifikatet etter å ha fått for mange prikkar i ein kontroll UP hadde i Olden onsdag.

Vedkomande hadde sertifikatet på prøve, men hadde alt så mange registrerte prikkar at fartsoverskridinga onsdag var det som skulle til for at det vart teke inn.

Det var delt ut heile 14 forenkla førelegg i kontrollen UP hadde i Olden. Tolv av dei vart vinka inn for å ha køyrt for fort i 60-sona, høgste farta var målt til 79 km/t.

I tillegg fekk to førarar forenkla førelegg for å snakka i mobiltelefon og ein fekk bot for ikkje å bruke bilbeltet.



Ved Amla i Kaupanger fekk ti førarar forenkla førelegg i ein kontroll rett over midnatt natt til torsdag. Høgste fart var målt til 97 km/t i 80-sona.

Samtidig i Førde avslutta UP ein laserkontroll i 50-sona på Hafstadvegen i Førde. Her fekk tre sjåførar forenkla førelegg, og høgste målte fart var 63 km/t.

Seint onsdag kveld heldt UP også kontroll på rv5 ved Knapstad i Eikefjord. Her vart gitt fire forenkla førelegg, og høgste fart i 80-sona var 94 km/t.

Onsdag kveld stoppa politiet eit køyretøy i Florø der føraren ikkje kunne vise gyldig førarkort. Her er sak oppretta.

Politiet har avskilta ein firhjuling i Florø grunna krav om avregistrering.