Ordførar Oddmund Klakegg går spennande tider i møte når han skal prøve å lose gjennom den nye kommunereforma, enten han vil eller ikkje.

– Det er den viktigaste saka sidan 1837

Bortsett frå at Jølster fekk tilført Førde frå Breim i 1964, har kommunegrensene vore uendra sidan formannskapslovene kom i 1837.

Jølster fekk sin første ordførar ved Tor Veiteberg i 1838. Oddmund Klakegg som har takka ja til ein ny periode i kommunestyret, kan bli den siste.
Ovanfrå og ned
– Den gongen var det ein prosess der kommunane meir frivillig gjekk inni diskusjonane, no kjem det ovanfrå, med trussel om sanksjonar. Vi veit ingen ting om kva oppgåver ein ny storkommune skal ha, og løpet som er lagt opp til er både kjapt og hasardiøst. Det blir som å stå på toppen av ein hoppbakke, med bind for augo, og få beskjed om å hoppe utan at hopparen veit om det er snø i unnarennet, seier ein litt frustrert Oddmund Klakegg.
Ordføraren er også frustrert over at ingen , etter hans meining, har forklart korleis innbyggarane i ein kommune som Jølster vil få det betre i ein storkommune.
– Vi er i dag mellom dei ti prosent beste kommunane i landet når det gjeld tenestenivå. I ein storkommune må vi kanskje senke tenestenivået, tenkjer ein ordførar som likevel ser at han må vere med på prosessen, enten han vil eller ikkje.

 

Les heile saka i papirutgåva onsdag.