Nora Mørk fyrer laust i kjent stil i Trivselshallen på Sandane.

- Det blir kjekt å spele landskamp her

– Trivselshallen er utruleg fin. Det blir kjekt å spele landskamp her. Vi håpar vi kan bidra til å skape litt liv i Gloppen, at dette blir hyggjelege arrangement og at vi får gjeve litt tilbake til lokalsamfunnet, seier Nora Mørk.

Saman med resten av landslagstroppen er Nora Mørk på Sandane på eit vekelangt treningsopphald.

Skal utvikle sampelet
– Kva forventningar har du til landslagssamlinga på Sandane?

– Vi håpar på å få trena godt saman og skal spele to kampar mot Russland som vi håpar vi skal få mykje ut av. Fleire unge spelarar er komne med på laget vårt. Vi håpar på å få til samspelet og få utvikla det endå meir, for vi har litt dårleg tid, seier Mørk.

Ho innrømmer at ho alltid er litt ekstra nervøs når Noreg skal spele mot Russland, for ein veit eigentleg aldri kva spelarar dei kjem med frå gong til gong.

– Russland har svært mange gode spelarar, som eg har spelt mot både på juniorlandslaget og i Champions League. Vi får sjå kva dei kjem med denne gongen. Anten blir det ein skikkeleg slitekamp, eller så trur eg vi kan knekke dei, smiler 24-åringen.

Les mykje meir om handballjentene i papirutgåva fredag.