Georginene som no står ved inngangen til friluftsmuseet i Jølet, kan vere mellom dei eldste i landet. Gartnar Bård Vereide og avdelingsdirektør Aslaug Nesje Bjørlo kan i desse dagar glede seg over dei vakre blomane.

Desse georginene er tekne i hus kvar haust i 150 år

– Dei toler ikkje frost i det heile, så desse har vore godt passa på og haldne frostfri kvar vinter i minst 150 år, seier gartnar Bård Vereide om georginene som kan vere mellom dei aller eldste i landet.

Ved inngangen til Nordfjord folkemuseum står ei lang rekkje kvite og raude georginer i full bløming. Det er slett ikkje tilfeldig at dei er plasserte der. Alderen tilseier nemleg at museet er den rette staden for dei.

– I uminnelege tider

– Georginene kjem frå Korsvika. Då Eva Andenes, som budde der, døydde, tok eg vare på dei. Ifølgje Eva hadde dei stått i tunet i uminnelege tider. Eli Wittrup, fødd i 1853, død i 1954, kunne fortelje at dei var der då ho voks opp, så dei må vere over 150 år, konstaterer Bård Vereide.

Kva tid georginene kom til Korsvika, kan ikkje seiast med sikkerheit.

Les heile saka i papirutgåva onsdag.