Vestnorsk fjordlandskap ønsker å vere med i pilotprosjektet med «turistskatt». Her frå Dalsnibba i Geiranger. Foto: Kirsten Offerdal/NPK.

Departementet jobbar med pilot for «turistskatt»

Både verdsarvområda på Vestlandet og Lofoten ønsker å innføre «turistskatt» etter at regjeringa opna for eit pilotprosjekt i Hurdals-erklæringa. Nærings- og fiskeridepartementet jobbar no med å velje ut kven som skal få vere med i prosjektet.

– Departementet gjer no vurderingar av kva arbeid som må gjerast i forkant av utveljinga av ein eller fleire pilotar. Arbeidet har høg prioritet, opplyser departementet til NRK.

Mellom anna må ein finne eigna betalingsmodellar for ordninga som ingen ønsker å kalle turistskatt. Lofoten har lenge jobba for at turistane som besøker området skal betale for noko av påkjenninga dei påfører i form av slitasje, søppel og liknande. Dei foreslår å nytte skiltavlesing på bilane og sende ein faktura i posten til bileigaren. Pengane skal gå inn i eit regionalt fond, som skal forvaltast lokalt og ha eit eige styre med klare retningslinjer for å vurdere kva ein kan bruke pengane til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også Vestnorsk fjordlandskap, Geirangerfjorden og Nerøyfjord-området, har lenge ønskt ei slik ordning. Reiselivsdirektør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord la i 2020 fram «Prosjekt fellesgodefinansiering» med sikte på å få det innført allereie i 2021.

– Fellesgodefinansiering går ut på at ein i område med mykje turistar har behov for tilrettelegging. Det kan vere toalett, søppelhandtering, skilting, sentrumsoppgraderingar, skilting, transportledd og liknande. Mykje av dette blir dekt av kommunar, fylke og kommersielle aktørar i dag, men i område med få innbyggjarar og mange turistar er ikkje det tilstrekkeleg. I område som til dømes Geiranger og Flåm med om lag 2000 innbyggjarar og 1 million tilreisande i året, er det utfordrande å bygge heile infrastrukturen på eit budsjett som er dimensjonert for 2000. Difor vil vi ha dei tilreisande med på å betale for dei goda ein brukar i samfunnet, sa han til Nynorsk pressekontor den gongen.

(©NPK)