Kjartan Håland (t.v.) og Jostein Gjesdal er villige til å kjempe med nebb og klør for å bevare jorda si. I bakgrunnen Vassenden skule.

- Denne jorda må takast med makt

På siste kommunestyremøte vart det diskutert fleire alternativ til plassering av fleirbrukshall på Vassenden. Eitt av alternativa er plassert på dyrka mark på bruket til Jostein Gjesdal.

På kommunestyret vart det framstilt som at det nærast var gjort avtale mellom Jostein Gjesdal om makebyte av jord for å få realisert planane om hall.

Treng arealet

- Eg har fått brevet som vart synt til i kommunestyret, og eg har så langt ikkje avvist framlegget, men det kjem eg til å gjere, seier Jostein Gjesdal som har bruk for arealet for å produsere fór til samdrifta han er med i, og som han har avtale med om leveranse av fór.

Brevet det handlar om er forfatta av organisasjonen Vassenden 2025 og underteikna Sverre Gjesdal, datert 8. juni. Der står det at Vassenden 2025 ser på arealet til Gjesdal som det beste for hall. Der blir også invitert til dugnad for skaffe erstatningsareal til Gjesdal. Jostein Gjesdal fekk brevet tilsendt før det vart presentert for kommunestyrerepresentantane.

- Så for deg er det ikkje aktuelt med noko slags avtale om å avstå dette arealet på nokon måte.

- Nei, det er det  ikkje. Dette er areal som ligg nær fjøsen og som er lettdrive. Eg meiner det blir feil å sleppe dette no, sidan vi treng fóret i samdrifta.

Under press

- Føler du deg pressa?

- Eg føler i alle fall at her er folk som arbeider aktivt for å plassere hallen på meg, svarar Gjesdal som heller ikkje kjenner seg att i dei rykta som har gått mellom folk og på sosiale media.

- Eg veit at det har vore skrive noko på Facebook som kunne tolkast som om eg har inngått avtale, men det har eg altså ikkje, seier mannen som eig arealet mellom skulen og kyrkja, der dette alternativet er plassert.

Også nabo

Også nabo til Jostein Gjesdal, Kjartan Håland, blir ramma av utbyggingsplanane om alternativet med hall på Gjesdal sin eigedom blir valt. Håland vil misse nokre dekar til parkering.

- Vi er sterkt knytte til jorda vår og vil nødig gje den frå oss. Denne jorda må takast med makt, er den klare bodskapen frå Håland som også reagerer på måten saka vart framstilt i kommunestyret.

- Vi kan ikkje finne oss i at det i kommunestyret blir servert argumentasjon som ikkje har rot i fakta.



 

 

 

Arealet mellom skulen og kyrkja
Jostein Gjesdal på flatene mellom kyrkja og skulen. Skulen i bakgrunnen
Situasjonsplan over området som syner eventuell plassering av hall på dyrka jord.