Den same leksa

Spørsmålet er også kor fort Høgrenedgangen ein no ser tydeleg er på gang vil kome, og om FrP ramlar etter. Det er også svært interessant å registrere at dei fire partia på borgarleg side ikkje er komne eit hakk lenger i samarbeidet enn dei var for fire eller åtte år sidan. Venstre og KrF sin skepsis til regjeringssamarbeid med FrP er meir enn til å ta og føle på. Svaret dei får frå FrP er ikkje mindre krast, dei omtalar småpartia som plagsamt heft, i alle fall til dei endar der sjølve.

Utviklinga dei siste dagane fortel om den samle leksa som vi har hatt dei to siste vala. Dei fire borgarlege greier ikkje stable på beina eit truverdig regjeringsalternativ. Så enkelt er det. Det merkelege er at ein ikkje har avklart dette før denne gongen heller. Vi forstår ikkje kvifor KrF til dømes nok ein gong har hamna på denne sida, at dei ikkje kan gå i regjering med FrP treng ein ikkje vere valforskar for å hevde. Vi har stor sans for både Hareide og Brosvik, det er berre synd at dei har hamna i feil taxikø, for å halde oss til dagens mest kjende politiske terminologi. Ingen, heller ikkje i Venstre og KrF, kan dette av stolen i sjokk for at FrP krev å sitje rundt maktas bord, dersom et skulle bli borgarleg fleirtal.

Men mange sit på gjerdet, eller er på vandring, løpet er langt frå køyrt for dei raudgrøne.