Ordførar Leidulf Gloppestad klipper snora, medan Olive Førde (nærast t.v.) og Benedikte Almenning gledar seg til å bade.

Den lange ventetida er over

Det var berre smil og glede då badeanlegget vart gjenopna

Laurdag klokka 12 var ventetida endeleg over. Då opna badeanlegget igjen etter å ha vore stengt for rehabilitering i 14 månader. Dagleg leiar i Trivselshagen Bad og Idrett, Øystein Sundal, slo fast at «den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves».

Klipte snor


Ordførar Leidulf Gloppestad følgde opp med eit anna ordtak: «Du veit ikkje kva du har før du har mista det».
– Det er sant. Vi rakk å bli veldig glade i badeanlegget då det opna. Etter stenginga har eg fått tallause spørsmål om kor tid det opnar igjen. Eg har også fått signal om at stenginga gjekk på folkehelsa laus, sa han. Ordføraren hadde også med blomster til dagleg leiar i Trivselshagen IKS, Anniken Rygg, for arbeidet hennar med prosessen å kome i land.

Om lag 200 personar var innom laurdag. Også søndag var anlegget ope for badande.

Fyldig reportasje og prat med mange badande i måndagsavisa.

Ordførar Leidulf Gloppestad klipte snora, medan Olive
Det var rein badeglede laurdag.