Illustrasjonsfoto arkiv.

Deler ut rekordstort utbyte

Sogn og Fjordane Energi (SFE) betaler ut 120 millionar kroner i utbyte til eigarane sine.

Det vart i år knytt stor spenning til utbyteutbetaling i kraftbransjen ettersom koronapandemien sette mykje på vent tidlegare i år.

– Valde å avvente

– Normalt tek SFE-styret stilling til utbetaling av utbyte i mars, når fjorårets resultat vert lagt fram, men i år valde SFE og fleire andre energiselskap å avvente avgjerda om utbyte. Årsaka var usikre tider som følgje av COVID-pandemien som nettopp hadde inntreft, seier konsernsjef Johannes Rauboti i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

I styremøtet tysdag vedtok SFE-styret at utbytet skulle betalast ut.

Historisk høgt utbyte

Johannes Rauboti berømmer eigarane av selskapet for å tenkje langsiktig:

– Vi har solide og langsiktige eigarar i ryggen. Når eigarane mottek eit så stort utbyte, er det ein god premie til dei offentlege eigarane våre som over fleire år har sikra selskapet kapital til å vekse og utvikle seg.

Utbytet er det største ordinære utbytet frå SFE nokon gong.

Tre kraftverk er under bygging

SFE er i ein fase med høg aktivitet, med både Østerbø kraftverk i Høyanger kommune, Jølstra kraftverk i Sunnfjord kommune og Lutelandet vindkraftverk i Fjaler kommune under bygging.

– Eg er stolt over at vi i ei tid med høge investeringar og låge kraftprisar kan halde fram med å betale store utbyte til eigarane våre, seier konsernsjefen.

Utbyte pr aksjonær:

Sogn og Fjordane Holding AS 59 287 616

BKK AS 44 067 385

Artikkelen held fram under annonsen.

Kinn kommune 5 554 871

Gloppen kommune 4 136 740

Bremanger kommune 2 956 617

Askvoll kommune 1 769 722

Stad kommune 1 886 476

Sunnfjord kommune 92 173

Sum utbyte 119 751 599