Anders Felde og Marianne Nordhus.

Felde held fram som bondelagsleiar

Anders Felde held fram som leiar i Vestland Bondelag. Marianne Nordhus er ny nestleiar.

Anders Felde frå Breim Bondelag vart vald til den første leiaren i Vestland Bondelag under skipingsmøtet i november i fjor. I dag er han vald til leiar for eit nytt år under det første ordinære årsmøtet i Vestland Bondelag, opplyser bondelaget i ei pressemelding torsdag ettermiddag.

Marianne Nordhus frå Halsnøy Bondelag er vald til nestleiar etter at Peder Nernæs takka nei til attval. Marianne har vore styremedlem sidan skipingsmøtet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Resten av styret:

Olav Myhr, Eikanger Bondelag, (ny)

Ole Bjarne Hovland, Årdal Bondelag (attval)

Knut Byrkjenes Hauso, Ullensvang Hagebrukslag (attval)

Gry Ingvild Agjeld, Olden Bondelag (attval)

Kari Sigrun Lysne, Lærdal Bondelag (ikkje på val)

Lars Bø, Voss Bondelag (ikkje på val)

Linda Kristin Oppedal, Viksdalen Bondelag (ikkje på val)

Artikkelen held fram under annonsen.

Siv Helle Prestegard, representant for Bygdekvinnelaget

1. vara Kjersti Hjelmeland, Omvikdalen Bondelag (ny)

2. vara Nils Magne Gjengedal, Hyen Bondelag (attval)

3. vara Terje Håheim, Etne Bondelag (ny)