Andre nyhende: Nordfjord Skifer har levert om lag 500 fullasta vogntog med murestein til Bybanen på strekninga Nesttun – Lagunen. No ventar nye prosjekt i Bergensregionen.

Dei politiske partia fridde til Firda-elevane

På skuleplassen til Firda vidaregåande skule kan ein sjå raude og gule faner, blå ballongar og grøne logoar. Engasjerte ungdomssrepresentantar frå dei ulike partia møter lyttande elevar til prat om politikk på valtorget til Firda vidaregåande skule.

Malene Toen Nese (18), Irene Bakketun (18) og Alise Klungreset (18) har funne standen til Miljøpartiet De Grønne og har mange spørsmål til Ida Løken, tredjekandidat og leiar for Grønn Ungdom Sogn og Fjordane. Alle tre skal røyste ved Stortingvalet 9. september.

– Difor prøver vi å få informasjon her, fortel Alise Klungreset.
Dei er samde om at valtorget og debatten på Firda er eit bra tiltak.

– Det er til god hjelp viss ein er usikre. Eg gler meg til debatten, seier Toen Nese.

Ho fortel at ho er særleg oppteken av privatisering i helsesektoren, ei utvikling ho ikkje ønskjer. Klungreset peiker på formueskatten som eit tema ho er oppteken av.

Les meir om valtorget ved Firda vgs i måndagsavisa.

Malene Toen Nese (18), Irene Bakketun (18) og Alise Klungreset (18) hadde mange spørsmål til Ida Løken i Miljøpartiet Dei Grøne.