Nytt nasjonalt ID-kort, framside, sommaren 2018. Foto: Politiet/NTB scanpix/NPK.

Dei nye ID-korta kjem i november

Nasjonalt ID-kort skal no etter planen blir lansert i november, med mindre koronapandemien kjem i vegen.

Det seier assisterande politidirektør Håkon Skulstad til TV 2.

Nye pass og nasjonalt ID-kort skulle opphavleg vere klare i desember 2016, men har vorte utsett fleire gonger. Noreg er i dag eitt av tre land innanfor EU/EØS som ikkje har innført eit nasjonalt ID-kort, saman med Island og Danmark.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi kan ikkje sjå bort frå at koronapandemien som påverkar heile samfunnet, også kan påverke lanseringstidspunktet for nasjonalt ID-kort. Dette kjem vi i så fall tilbake til, seier Skulstad.

(©NPK)