Vestavind kraft har nyleg fått konsesjon for vindkraftutbygging på Okla på Stadt. Selskapet har no til saman tre konsesjonar med nær ein milliard i utbyggingskostnad. Adm.dir. er Stig Svalheim (t.v.). Her saman med Arnar Kvernevik, Håvard Nordvik og Monica Løkling Mundal.

Dei er i vinden

– No er vi heilt klart på jakt etter investorar, seier adm.dir. i Vestavind Kraft AS, Stig Svalheim. Nyleg fekk selskapet konsesjon for bygging av Okla vindkraftverk på Stadtlandet.

Dermed har Vestavind Kraft tre prosjekt i porteføljen, to av dei kom gjennom nålauget for kort tid sidan. Det er Hennøy i Bremanger og for ei veker sidan Okla på Stadtlandet i Selje. I tillegg har Vestavind Kraft tidlegare fått konsesjon for ein vindmøllepark på Lutelandet i Fjaler.

Viktig avklaring

Vestavind Kraft har også eit prosjekt på Bremangerlandet under konsesjonshandsaming. Det er det største av alle med ein stipulert årsproduksjon på 250 GWh som er nok til å forsyne 12.500 husstandar med straum. Vestavind har dermed konsesjonar og planar for produksjon av over 500 GWh vindkraft.

– Konsesjonen for Okla var ei veldig viktig avklaring for oss no. Den første planlegginga starta så tidleg som 2004, seier Stig Svalheim. Elleve år er lang tid. Han gjev stortingsrepresentant Bjørn Lødemel litt av æra for at det er kome eit positivt svar.

Les meir i papirutgåva fredag.