Jens Andreas Melheim vann Jølster Maraton. Til venstre Vivian Kyte som vann kvinneklassen..

Debutantar gjekk til topps

To debutantar gjekk til topps i Jølster Maraton

Det var svært god deltaking i årets Jølster Maraton som gjekk under fine tilhøve, men rett nok i motvind på returen.

Herreklassen vart vunne av Jens Andreas Melheim frå Vik på tida 2,51.32. Han stilte i Jølster Maraton for første gong, men det var mangeårig vinnar Helge Hafsås som gjekk i têt. Han leia til godt og vel halvparten av løpet var unnagjort. Då tok Melheim igjen Hafsås og drog i frå.

Kvinneklassen
Kvinneklassen vart vunnen av Vivian Kyte, Stegaberg IL på tida 3,13.11. Også ho deltok i Jølster Maraton for første gong og sprang sin fjerde maraton nokon gong. Ho var suveren i kvinneklassen.
Halvmaraton var vunnen av Knut Olav Øygard, Jølster IL på tida 1,16.32, medan Marius Vedvik og Eli Anne Dvergsdal vann fem kilometeren. I kvinneklassen hadde Trine Bjørvik, Gaular IL, beste tid.



I tillegg deltok mange born i miniton og mange sykla.
Jonny Solheimsnes var med god grunn tilfreds med arrangementet som hadde rekorddeltaking med rundt 370 i konkurranseklassane, eit par hundre i miniton og 140 på sykkel. Slik er Jølster Maratonm eit av dei store idrettsarrangementa i fylket. 70-80 personar deltok i avviklinga.

Jonny Solheimsnes er svært tilfreds med årets Jølster Maraton der over 700 stilte til start.