Det blir ein roleg haust for fuglehundar i den sørlege delen av landet. Foto: Erlend B. Nilsen.

Dårleg rypeår i sør, beste på over ti år i nord

Områda frå Salten og nordover viser auka tettleik av rype samanlikna med i fjor. I Sør- og Midt-Noreg er situasjonen den motsette, med ein stor nedgang frå i fjor.

Rypebestanden varierer i stor grad frå eit år til eit anna, derfor er det også knytt stor spenning til dei årlege hønsefugltakseringane. No er alle takseringar gjennomførte, og tala er klare.

I 2021 fekk rypa endra raudlistestatusen sin frå nær trua til livskraftig, på grunn av ei positiv bestandsutvikling på landsbasis. Etter ein topp rundt 2018 har det likevel vore ein liten nedgang i rypebestanden fram til hønsefugltakseringane i fjor. Den viste varierande rypetettleik i dei sørlege delane av landet, men ein tydeleg oppgang i nord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Resultata frå takseringane i år viser at utviklinga både i nordlege og sørlege delar av landet har forsterka seg, og vi har fått eit endå tydelegare skilje mellom nord og sør.

– Samanlikna med dei siste åra ser vi no ein relativt stor auke i tettleik av rype i dei nordlege delane av landet, medan det er ein stor nedgang i dei fleste område i Midt- og Sør-Noreg, seier Erlend B. Nilsen, som er seniorforskar ved NINA, professor ved Nord universitet, og prosjektleiar for Hønsefuglportalen, i ei pressemelding. (©NPK)