Ein stolt far, Odd Gloppestad, med rekordfisken underteikna fekk i Røsskleivvatnet 1. juli. Fisken var i god stand, vog 3,43 kg og er den største som er teken i vatnet nokon gong.

Dagen då draumar gjekk i oppfylling


Under vignetten «Frå arkivet» tek vi fram gode og lesverdige artiklar som tidlegare er presentert i papirutgåva og som vi framleis trur har interesse. Denne saka vart først presentert i Firda Tidend 21. juli 2010.

Enkelte fiskehistorier er nesten for gode til å vere sanne. Dette er ei slik historie, men ho er sann. For meg er ho då også noko mykje meir enn berre forteljinga om den gongen storfisken beit på kroken.




Denne historia starta eigentleg for tre år sidan. Far min, Odd Gloppestad, vart brått alvorleg sjuk, og i fleire dagar visste vi ikkje om han kom til å overleve, eller i kva tilstand han ville vere om han eventuelt vakna opp att etter hjartestansen han blei råka av. Ved sjukesenga på Sentralsjukehuset i Førde voks det fram eit brennande ønske i meg om at alt måtte gå bra og at han ville bli så frisk at eg kunne ta han med på fisketur til Røsskleivdalen igjen. Dalen vi hadde hatt så mange fine turar til opp gjennom åra, og som han sjølv, saman med kameratane i Gloppen jeger- og fiskarlag, hadde vore med og gjort til eit fiske- og tureldorado gjennom oppdemminga av vatnet og utsetjing av fisk på 1960-talet.


Er det andre som har fått storfisk her i det siste, skal tru…


Wienerbrød og saft

Torsdag 1. juli var dagen endeleg komen for at papps og eg skulle tilbake til Røsskleivdalen. Sjølv om papps ikkje er i den same forma som før han blei sjuk, er han etter tilhøva i bra slag, og vi gleda oss begge til å legge i veg og prøve fiskelukka i vatnet som inneheld pen fisk.

Spaserturen frå Leirstøylen var unnagjort på ein halv time, og framme ved vatnet kunne vi konstatere at gråen på overflata var fin, og at tilhøva for å lure nokre pene steikefiskar burde vere ideelle. Etter ein liten pause med wienerbrød og saft i Røssebu, hytta som er sett opp eit lite steinkast frå vatnet, var det på tide å gjere klar fiskestengene.

Fisken i Røsskleivvatnet er kjend for å vere sky og vanskeleg å lure, men dei ein klarer å overliste er feite og fine, med ei snittvekt på kring ein halv kilo.

Strålande solskin

Sidan dette er ein fiskereportasje litt utanom det vanlege, kan eg like godt gjere det mange sportsfiskarar ikkje likar å gjere, nemleg røpe kva reiskap eg brukar for å lure storfisken. Auren i Røsskleivvatnet bit både på makk, sluk og spinner om han er på hogget, men den sikraste måten å få fisk i vatnet på, er å dorge med fluge.

Eg sette på to små fluger, ei Heggeli og ei March Brown, og vi trakka ned mot den vesle prammen som ligg ute i sommarmånadene. Papps sette seg på tofta bak i båten, eg sette meg ved årane, og så la vi ut på.

Allereie før vi fekk bløyta taumen var turen eigentleg vellukka. Eg hadde fått oppfylt draumen eg hadde om at papps skulle bli så frisk at han kunne vere med på tur til Røsskleivdalen igjen. No sat vi på vatnet i strålande solskin ein flott sommardag og venta på at fisken skulle bite.

Tungt drag

Etter berre nokre minutt på vatnet nappa det godt i den eine stonga. Ikkje lenge etterpå låg ein flott fisk på kring 400 gram i båten. Også på returen utover vatnet fekk vi ein fin steikefisk, men så vart det stilt. Ikkje teikn til napp. Eg lurte på om vi kanskje burde byte fluger, gå over til å fiske med noko heilt anna, eller rett og slett ta oss ein liten pause. Akkurat medan vi sat og diskuterte kva vi skulle gjere, bøygde den eine stonga seg.

Måten stonga oppførte seg på, synte at det var ein pen fisk i den andre enden av taumen. Mindre fisk nappar gjerne med små rykk, denne tok fluga med eit einaste tungt drag. Eg drog inn årane, greip stonga så snart eg kunne og kjende med éin gong at fisken var tung. Ofte prøver stor fisk i Røsskleivvatnet å gå mot botnen, der han kan setje seg fast i kvistar og siv. I så fall har fiskaren tapt. Det har eg opplevd fleire gongar før, så eg konsentrerte meg om å ta han litt hardt i starten for å unngå nettopp det.

Spennande minutt

I det fisken var på veg mot ein torvekant, gjorde han eit hopp ein halv meter opp i lufta. Vi registrerte at fisken var stor, halvannan til to kilo anslo vi, og eg klarte å presse han inn mot midten av vatnet. Det er inga overdriving å seie at både papps og eg var rimeleg spente der vi sat, og kor lenge kampen med storfisken gjekk føre seg, veit eg ikkje. Tida står nemleg stille slike tider, men så mange minutt var det nok ikkje snakk om, for fisken var relativt medgjerleg til han var komen berre nokre få meter frå båten. Då fekk han fart på seg og gjorde fleire utras, før kreftene var oppbrukte og han glei inn i håven.


Fisken i Røsskleivvatnet er feit og fin. Rekordfisken var ein typisk «røsskleivar», brun med raude og svarte prikkar. Lengda var 67 centimeter.


Med fisken vel om bord i båten gjorde vi store auge. Vi såg på kvarandre og registrerte at fisken var større enn vi trudde. Dei to første fiskane vi hadde fått blei små i forhold til denne. Kunne det vere ny rekord for Røsskleivvatnet? Den gamle rekordfisken var teken av Svein Hjelmeset i 1982 og vog 2,5 kilo.

Oppglødde av storfangsten rodde vi nokre rundar til på vatnet og fekk to fine fiskar i tillegg til dei tre vi hadde frå før.

3.430 gram

Tilbake i hytta kosa vi oss med resten av safta og wienerbrøda. På peisen står ein kopi av ein fisk Ola Almenning fekk i 1970. Den vog 2,0 kg og var lenge den største som var teken i vatnet. Eg samanlikna med min fisk, og konstaterte tilfreds at min var betydeleg større.

Aldri har vel heimturen frå Røsskleivdalen gått lettare. Sjølv om fangsten var tyngre enn nokon gong, merka eg knapt at eg hadde sekk på ryggen.

Vel heime var det to spente fiskarar som leita fram vekta. Den digitale vekta synte 3.430 gram! Éi vekt var ikkje nok, så vi måtte kontrollere med ei manuell vekt av den gode, gamle typen. Denne stadfesta den første veginga. Om kjensla var god då fisken var landa, var ho ikkje noko dårlegare då eg fekk konstatert at eg hadde teke den største fisken som nokon gong er teken i Røsskleivvatnet.


Fin fangst etter ein føremiddagstur…


Eit minne for livet

For sportsfiskarar er det ein draum å få ein aure over den magiske grensa på to kg i eit fjell- eller skogsvatn. Det har det vore også for meg. Tidlegare har vekta stogga på rundt kiloen.

Torsdag 1. juli fekk eg oppfylt denne draumen, men minst like viktig var det at eg fekk oppfylt draumen om nok ein gong å få papps med til dalen han både han og eg har mange gode minne frå.

Tankane gjekk tilbake til dagane ved sjukesenga i Førde for tre år sidan. Det brennande ønsket eg hadde den gongen var blitt realitet. Å vite at eg hadde fått papps med til Røsskleivdalen, at han hadde fått vere med å fange den største fisken nokon gong i vatnet i dalen han sjølv la ned tallause dugnadstimar med uthogging av skog, bygging av demning og hytte og utsetjing av fisk for å gjere til det paradiset det er, gav meg ei kjensle som vanskeleg kan skildrast.

Enkelte augeblinkar er ubetalelege og slike ein vil minnast resten av livet. Augeblinken då rekordfisken låg i båten og eg såg det forundra ansiktsuttrykket til papps før det lyste opp i eit stort smil, er ein slik augeblink.




Røsskleivdalen


– eit menneskeskapt eldorado


– Det vi gjorde var galskap, men det er blitt eit eldorado som har betydd mykje for mange. No ligg det der og blir liggjande – heldigvis, seier Leif Bjørkeland.


Røsskleivvatnet ligg 418 meter over havet, og har ei flatevidde på 0,047 kvadratkilometer. Vatnet blei kunstig oppdemt på 1960-talet, og vatnet og området rundt er eit eldorado som er svært godt eigna til rekreasjon.


Røsskleivdalen ligg mellom Veten og Eidsstøylen, berre ein god trimtur frå Sandane sentrum. Fiskevatnet, hytta og den flotte naturen gjer dalen til eit ynda turmål for mange. Men det eldoradoet som ligg der i dag har ikkje alltid vore der. Det er innsatsen til ein gjeng ivrige sjeler i Gloppen jeger- og fiskarlag på 1960-talet som gjer at det i det heile finst eit vatn i dalen.

Kilosfisk i løpet av to år

– Vi skipa laget i 1962 og starta arbeidet i Røsskleivdalen året etter. I utgangspunktet var der berre eit lite myrhol i botnen av dalen, og vi hogg skogen rundt dette, lagde ein demning og sette ut fisk, fortel Bjørkeland, som var ein av eldsjelene i det omfattande arbeidet.

Først vart det sett ut regnbogeaure, men denne forsvann nedover elva og til sjøs. Eit nytt utsetjingsforsøk måtte til. Denne gongen vart fisken henta frå Veslevatnet og Langedalen. Då gjekk det betre.

– I løpet av to år var fisken blitt ein kilo, det var fantastiske næringstilhøve i vatnet, seier Bjørkeland.

Nokre år seinare vart hytta i dalen, Røssebu, reist av material som vart saga på ei sag ved vatnet. Ei ny, støypt demning vart sett opp til erstatning for den første demninga som var laga av tre.

– Å byggje demninga kosta ein del, så vi måtte låne pengar. Styremedlemene stilte sikring for lånet. Det var andre tider den gongen, i dag hadde ikkje nokon gått med på noko slikt, meiner Leif Bjørkeland.

Kolebakkane naturreservat

Røsskleivvatnet ligg i det som i dag heiter Kolebakkane naturreservat. Opprettinga av naturreservatet gjer at det lokale jeger- og fiskarlaget ikkje lenger kan gjere tiltak i dalen utan løyve frå Fylkesmannen.

– Ein har fått til ei ordning som gjer at ein kan ta ut den veden ein treng til hytta, og for nokre år sidan vart det gjeve løyve til å setje ut meir fisk, men det vart ikkje gjort, fortel Bjørkeland.


Smålomen hekkar i Røsskleivdalen kvar sommar. I år har han berre éin unge. Lomane er vane til at prammen på vatnet blir brukt, og følgjer med på det som skjer frå ein viss avstand.


Fisken i vatnet reproduserer nemleg seg sjølv i den vesle gytebekken der det er lagt ut skjellsand, og storleiken og mengde fisk i vatnet i dag tyder på at balansen er god. Fiske i Røsskleivvatnet er gratis for alle, mot at fangsten vert registrert i fangstboka som heng på hytteveggen.

– Vatnet er best når det blir brukt. Arbeidet med oppdemming er det fornuftigaste som kunne bli gjort der, men det var galskap å ta til med det, konstaterer Leif Bjørkeland.