Hybridskip på hydrogen kan løyse mange av problema cruisenæringa står overfor. Illustrasjonsfoto: Halvard Alvik, NTB/NPK.

Cruiseskip på hydrogen kan bli klart i 2025

Hybridskip på hydrogen kan løyse mange av problema cruisenæringa står overfor. Teknologien er ikkje moden enno, men no er det ikkje langt unna, skriv NRK Vestland.

- Teknologien er ikkje problemet, men det trengst betre infrastruktur for å bunkre skipa, altså å fylle dei med drivstoff, forklarar Kristina Storegjerde Skogen i Ocean Hyway Cluster til kanalen.

Ho trur det kan vere mogleg å realisere hybridskip med hydrogen og fossilt drivstoff innan 2026, dersom det blir satsa meir.

Artikkelen held fram under annonsen.

2026 er same året som alle skipa som seglar i dei fem verdsarvfjordane i Noreg skal vere nullutsleppsskip. Det vedtok Stortinget for fire år sidan.

– Eit slikt hybridskip er noko vi ser på som ei av løysingane i verdsarvfjordane, seier Skogen. (©NPK)