Mange har hatt heimekontor under pandemien, og det har fått mange norske kommunar til å tenkje annleis om jobb og bustad etter korona. Mange meiner no at desentraliserte arbeidsplassar er framtida. Illustrasjonsfoto: Thomas Brun/NTB/NPK.

Covid har endra korleis kommunane ser på arbeidsplassar

To av tre av norske kommunar tenker annleis om jobb og bustad etter korona. Mange meiner desentraliserte arbeidsplassar er framtida.

– Dette er framtidas kontorløysing. Det at ein kan ta med jobben og bu kor som helst i Noreg, men samtidig sitje i eit kompetansemiljø med mange andre bedrifter, seier leiar Randi Paulsen Humborstad i Måløy Vekst til NRK.

Leiaren i Måløy Vekst viser rundt i det som ein gong var ei fiskebu med yrande liv midt i Måløy sentrum i Kinn kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

No skal det 8000 kvadratmeter store bygget i Måløy i Kinn gi rom for ei rekke arbeidsplassar. Det nye namnet blir Peak Måløy.

– Vi trur Peak Måløy vil tiltrekke seg folk og bedrifter. Og vi håpar fylke, stat og Innovasjon Noreg etablerer kontor her, seier Humborstad.

I ei undersøking svarer 67,9 prosent av kommunedirektørane at koronapandemien har endra korleis dei og kommunen tenkjer om desentraliserte arbeidsplassar. Undersøkinga er ein del av «Den store folkevandringa», eit samarbeidsprosjekt mellom lokalaviser organisert i Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK.

(©NPK)