Covid-19-bølgja er truleg over toppen, men ei ny bølgje kan kome seinare i vinter

Koronabølgja er truleg over toppen, ifølgje FHIs siste vekerapport.

Samtidig er det usikkert om influensaepidemien vil halde fram med å auke, eller om han kan vere over toppen. RSV-infeksjonsepidemien er truleg nær toppen, melder Folkehelseinstituttet.

FHI understrekar likevel at det kan kome ei ny covid-bølgje seinare i vinter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er framleis mange sjukehusinnleggingar med influensa, men talet gjekk ned frå veke 52 til veke 1. FHI er likevel ikkje sikker på om influensaepidemien vil auke, eller om denne toppen er nådd.

Instituttet skriv også at det enno ikkje er for seint å vaksinere seg.

– FHI oppmodar alle til å følgje vaksinasjonstilrådingane. Vi ber kommunar og helseføretak om framleis å leggje til rette for rask og lett tilgjengeleg vaksinasjon mot influensa og covid-19.