Coop Mega-butikken i Domus-varehuset er historie 1. oktober. 22. oktober opnar lågpriskonseptet Coop Extra i dei same lokala.

Coop Extra opnar 22. oktober

– Dette er ein del av ei nasjonal satsing på lågprisbutikkar. Coop Extra er den sterkast veksande daglegvarekjeda i landet, seier salssjef Ronny Sørbotten i Coop Vest.

Tida med Coop Mega-butikk i Domus-varehuset på Sandane nærmar seg slutten. I tråd med nasjonale trendar har Coop Vest valt å gjere butikken om til lågpriskonseptet Coop Extra. Samstundes blir Coop Prix i Firdakraftbygget lagt ned.

5.500 artiklar

– Avgjerda om å endre konsept er basert på ei heilskapleg vurdering for å posisjonere seg for framtida. Vi ønskjer å satse på lågpris, dette blir den niande Extra-butikken i Coop Vest. Frå før har vi butikkar i Ørsta, Volda, Hareid, Fosnavåg, Sogndal, Førde, Florø og Årdal, seier salssjef for Extra-konseptet i Coop Vest, Ronny Sørbotten.

Han fortel at vareutvalet vil bli på same nivå som det i dag er i Mega-butikken, det vil seie kring 5.500 artiklar.

Les heile saka i papirutgåva fredag.