Byråkratiet eser ut

Det blir snakka mykje om ny kurs og nytt skifte i politiske krinsar om dagen. Det er vel og bra, men vi ser at det på somme område vert køyrt med stø kurs. Det offentlege byråkratiet berre eser utover, mindre og mindre effektivt og stadig meir kontrollerande.

Det handlar om målstyring, prosjekt, stille alle mogeleg krav om rapportering til kvarandre, oppover og nedover, og i liten grad er det fokus på å vere ”folk sine tenarar” som offentleg sektor eigentleg handlar om. Såleis ser ein at byråkratiet på alle nivå berre eser utover, utan at det eigentleg vert skapt noko. Dette er ei stor ufordring for politikarane å ta fatt i, men dei verkar heilt hjelpelause, same kva farge du set på regjeringane.

Bergens Tidende fortalde i helga om korleis Politidirektoratet har utvikla seg sidan det vart starta for 15 år sidan, for å gje politikarane ro og landets sitt politi ei leiing som ikkje låg direkte i Justisdepartementet. I starten hadde dei 120 tilsette og eit budsjett på rundt 80 mill. kroner. No har det est ut til ca. 325 tilsette og eit budsjett på 250 mill. kroner, i tillegg brukar dei konsulentar for 184 mill. kroner. Så er det 54 personar som jobbar i Justisdepartementet si politiavdeling. For 15 år sidan var det 98 i Justisdepartementet som styrte heile butikken. ”

Direktoratet har svulma opp som ein treningsnarkoman på stereoidar”, vert det sagt i ein kommentar i BT. Medan direktoratet eser utover, må den operative delen av politiet, altså det vi kallar det synlege politiet, belage seg på eit mogeleg kutt på to prosent neste år.

Les heile leiaren i papirutgåva onsdag.