Førstekandidat Anniken Rygg og Gloppen Høgre vil arbeide for ei utviding av gravplassen ved Gamle Gimmestad kyrkje.

– Bygda må ha ein fullverdig og tenleg gravplass

– Det er mange kjensler i sving. Bygdefolket ønskjer å ha dei avdøde familiemedlemene sine samla på éin stad. Det må ein ha respekt for, seier Høgre sin ordførarkandidat Anniken Rygg.

Liten kapasitet på gravplassen ved Gamle Gimmestad kyrkje har ført til at dei sørstrendingane som ønskjer å bli gravlagde i kiste, blir jordfesta på Fredly i Bukta. Berre dei som vel kremasjon er blitt lagde i jorda på Gimmestad. Dette meiner Gloppen Høgre ikkje er godt nok.

– Sit langt inne

– Bygdefolket er leie seg for at ein ikkje får setje ned kister. Det sit langt inne for enkelte å velje kremasjon for å bli gravlagde her. Dette må vere ein fullverdig gravplass, slik at ein har høve til å velje fritt, understrekar Anniken Rygg.

Det kom som ei overrasking på mange då det vart kjent at det ikkje var plass til fleire kister på gravlunden kring den gamle kyrkja på Gimmestad. Høgre har programfesta å arbeide for å finne ei løysing for utviding og framleis bruk av gravplassen. Det er ein lovnad Rygg har tenkte å etterleve.

Les meir i papirutgåva onsdag.