Illustrasjonsfoto: Berit Roald/NTB/NPK.

Butikkjede vil redusere brødsvinnet

Med hjelp av eit automatisk steikeverktøy som brukar algoritmar, skal butikkjeda Meny bli flinkare til å berekne rett mengde brød gjennom dagen. Målet er å redusere brødsvinn med 30 prosent på eitt år.

– Å få ned matsvinnet er viktig for oss. Det handlar om klima, etikk, økonomi og ressursbruk. Ein million brød sparte betyr 600 tonn redusert CO2-utslepp. Det betyr òg at betydeleg mengder matkorn, brukt til å produsere brød, ikkje endar som grisefôr, seier Mari Kristine Kasbo, kategoriansvarleg bakeri i Meny, i ei pressemelding.

Butikkjeda satsar no på å redusere matsvinn, og i første omgang brød. Dei skal ta i bruk eit steikeverktøy som brukar informasjon om historisk sal og sal i samtid til å berekne kor mykje brød dei treng å steike. Det skal hjelpe butikkane med å steike rett mengde brød gjennom opningstida. Målet er å redusere brødsvinnet med 30 prosent på eitt år, tilsvarande ein million brød.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Noreg er matsvinnet på minst 417.000 tonn kvart år, det vil seie 78 kilo per innbyggar.

– Vi er ein brødnasjon, derfor er prosjektet til Meny så viktig. Ferske bakarvarer er blant varegruppene med høgast matsvinn i heile verdikjeda, også i butikk, seier Anne Marie Schrøder i Matvett.

(©NPK)