Gruppeleiarmøte der neste års budsjett vart spikra. F.v. Atle Hamar (V), Magne Aardal (SV), Tom Erik Sandal (Sp), Svein Årdalsbakke (Krf), og Anders Kristian Sægrov (H). Delvis skjult Arve Dvergsdal (Ap). Sægrov hoppa av forhandlingane etter dette møtet.

Budsjettforlik med bruk av fond

I tur og orden sto dei opp og rosa rådmann og administrasjonen for godt arbeid med budsjettet, og dei var samde om at ein må sjå på måten kommunen er organisert.

Likevel var dei, kvar på sin måte, villige til å plusse i overkant av to millionar kroner på rådmann Ellen Jensen sitt kraftig barberte budsjett. Høgre ville bruke to millionar på utvikling, medan dei andre ville bruke same beløp på ei smørbrødliste av gode formål.

Skjerma det frivillige
Det alle var samde om, var at «dei faste postane» om kulturmidlar og dirigent for skulemusikkane skulle inn att i budsjettet. Alle, minus Høgre, ville også ha inn att både frivilligsentral og folkehelsekoordinator. Også dagsenter for demente ville fleirtalet ha inn att, og dei ville også ha tilbake posten om overtidsbetaling i barnehagane. Men då gjekk rådmannen på talarstolen og mana til varsemd.

– Eg vil innstendig be om at de tenkjer gjennom dette med overtid, og at de med dette vil diskriminere andre arbeidstakarar, sa Ellen Jensen, før eit gruppeleiarmøte for Sp, Sv, V, Ap og KrF bestemte seg for å stryke dette punktet.

Utfordrande
Det vart ein kort budsjettdebatt utan særleg temperatur, og det vart fort klart at det var brei semje om enkelte ting, samstundes som alle uttrykte at budsjettet er utfordrande.

– Det gjeld spesielt dei som vert personleg råka av budsjettkutta, då tenkjer eg først og fremst på stillingane som blir kutta, sa Anders Kristian Sægrov (H).

Han peika på at det var viktig å ta vare på dei budsjettmidlane som handlar om barn og unge sin kvardag, og synte til kulturmidlane og dirigent til skulemusikkane. Sægrov meinte også at midlar til utvikling var viktig å få inn i budsjettet, og ville bruke to millionar av disposisjonsfondet til dette føremålet.

– Vi har eit fond som kan brukast til å investere for framtida, sa han.

Dagsenter for demente
– Det er fornuftig å sjå på organiseringa av kommunen, men eg er uroa over kuttet i skulane, noko eg vil følgje opp konsekvensane av, sa Magne Aardal (SV).

Han meinte det må vere rett å bruke av disposisjonsfondet i det han kalla tider som dette. Aardal minte også om at det er eit bygdebokprosjekt på gang som vil trenge finansiering om ikkje lenge.

Atle Hamar (V) ville også skjerme kulturmidlar og dirigentløn, og han meinte også at å legge ned dagsentertilbodet for demente er feil veg å gå.

– Vi vil med det gå frå ei billeg til ei dyr løysing, sa han.
Hamar peika også på at det må vere vilje til å ta areal til utvikling i sentrumsnære strok, og han gjorde det også klart at det var vilje til å bruke fond for å saldere budsjettet.

Bad for kyrkja
Steinar Dvergsdal (Sp) tok opp kyrkja sine behov. Han minte om at dette ikkje er ein kommunal institusjon, men eit kommunalt ansvar. Dvergsdal er medlem av Jølster kyrkjelege fellesråd, og kunne opplyse om at kyrkja, med det føreslegne kuttet på 200.000 kroner, ville gå ut av året med eit underskot på 400.000. Dvergsdal ville såleis ha inn att desse pengane.

– Kyrkja er ein samfunnsinstitusjon, ikkje berre eit trussamfunn, sa Dvergsdal som også minte om at to av kyrkjene i Jølster har til dels store vedlikehaldsetterslep og at dei andre kommunane i Sunnfjord brukar meir på kyrkjene enn det Jølster gjer.

Gruppeleiar for Sp, Tom Erik Sandal, gav beskjed om at partiet ville skjerme dagsenteret for demente, og at forslaget frå rådmannen om å melde seg ut av Sunnfjord Utvikling vil vere feil.

Ap ved Arve Dvergsdal hadde også ei hjartesak, nemleg det å få inn att overtidsbetaling i barnehagane. Etter det kom Tom Erik Sandal med eit framlegg til budsjett i lag med SV, der alle gode ønske var samla og han bad om gruppeleiarmøte.

Brei semje
Etter dette kom det på bordet eit framlegg der alle så nær som Høgre var med, og der det var lagt opp til å bruke nær 2,6 millionar kroner av disposisjonsfondet.

– Med den økonomiske situasjonen vi er i, kan vi ikkje bruke så mykje av fondet til drift. Med dette vil vi få det endå verre neste år, sa Anders Kristian Sægrov, som stilte spørsmål ved logikken i å ta inn att administrative ressursar som var føreslegne kutta på kostnad av spesialpedagogikk.

Sægrov heldt fast på det han hadde sagt tidlegare om to millionar til utviklingstiltak og 280.000 til kulturmidlar og dirigent. Men no var møtet kome til eit punkt der det var klart korleis det kom til å gå.

– Dette er budsjettet då vi klarte å halde i gang frivilligheita, kyrkja og dagsentertilbod for demente, sa Atle Hamar før eit siste gruppeleiarmøte spikra budsjettet.

– Det har vore ein god prosess, men ikkje spesielt optimistisk budsjett, sa ordførar Oddmund Klakegg, som, til liks med dei andre, rosa rådmannen for godt budsjettarbeid.

Ut med overtid
I dette møtet lytta dei til rådmann Ellen Jensen sitt råd om å droppe overtidsbetaling til barnehagetilsette, og med det på plass var det tid for røysting. Der vart framlegget frå Sp, Ap, V, SV og KrF vedteke med desse partia sine røyster, til saman 22, medan Høgre sitt framlegg fekk partiet sine tre røyster.

Dermed er det klart at Jølster neste år vil ha både frivilligsentral, folkehelsekoordinator og dirigent for skulemusikkane. Kulturmidlane på 200.000 er også sikra, det same er kyrkja sine midlar. Dagsenteret for demente vil halde fram, og det blir ikkje noko av omorganiseringa mellom tenestekontor, kommunekasse og bibliotek, der rådmannen ville spare 700.000 kroner.

Kommunestyret plussa på att 536.000 her, og dei plussa også på 424.000 på posten kommunereform, frikjøp/sal av tenester. Dermed blir disposisjonsfondet som er på 16 millionar ved utgangen av året, tappa med 2,4 millionar kroner.