Brukte hasj på nytt

Ein sunnfjording er dømd til fengsel på vilkår og er bøtelagt for gjentekne tilfelle av hasjbruk.

Mannen i trettiåra gav ei atterhaldslaus tilståing i Sogn og Fjordane Tingrett. Han vedgjekk å ha røykt hasj jamleg vinteren 2017, og vart teken med 1,9 gram hasj på seg i desember 2017.

Sunnfjordingen er ved fleire tidlegare høve dømd for narkobrotsverk, og han var framleis i prøvetida frå siste dom då han vart tatt for på nytt å ha brukt hasj. Retten sette straffa til 27 dagar fengsel på vilkår for brot på straffelova og legemiddellova. Sunnfjordingen må også betale ei bot på 5000 kroner.