Knut Olav(t.v.) og Eivind Øygard tok kvar sin førsteplass, men var ikkje nøgde med tidene.

Brødrene Øygard gjorde reint bord.

Knut Olav Øygard frå Jølster hadde aldri sprunge ein maraton tidlegare, men under årets Jølster Maraton ville han prøve. Han tok like godt førsteplassen med god margin. Vinnartida vart 2.47.03, 25 minutt bak løyperekorden frå 1997.

Tvillingar med suksess

Broren Eivind Øygard stilte på femkilometeren og også han suste inn til klar førsteplass. Dei to brødrene var sjølvsagt nøgde med plasseringa, men ikkje med tidene.

- Eg var eit minutt frå persen på 5000 m bane, så tida var ikkje god nok, men det får så vere, sa Eivind etter løpet. Heller ikkje Knut Olav var nøgd med tida etter å ha sprunge dei sju siste kilometerane med krampe.

- Hadde eg klart å springe dei to halvdelane like fort, hadde tida vore fem-seks minutt betre, sa Knut Olav som leia med fleire hundre meter halvvegs. Øygard var klar på at han heller ville hatt nokre minutt betre tid og ein femteplass enn førsteplassen.

- Plasseringa er ikkje så nøye for oss som likar å springe fort, var forklaringa.

Eli Anne Innfridde

Eli Anne Dvergsdal stilte på tikilometeren i år og tok den som oppvarming til EM på halvmaraton neste helg. Det same gjorde klubbkamerat Marius Vedvik frå Jølster. Begge sikra seg kvar sin siger på distansen og Eli Anne sette også ny løyperekord for damer.

- Ei grei treningsøkt, men tida var eitt minutt frå persen på 1o km landeveg, var Eli Anne sin kommentar etter løpet.

Elles kunne arrangørane melde om rekorddeltaking på halvmaraton med 150 startande.

Meir om Jølster maraton i papiravisa tysdag.



 

Marius Vedvik frå Førde og Eli Anne Dvergsdal frå Jølster skal begge springe halvmaraton under EM i friidrett neste helg. Under Jølster maraton sikra dei seg kvar sin førsteplass på 10 km.