Brødrene Aa til finalen

Tor Øyvin, Ole Matias, Arnulv og Arnstein Aa i Brødrene Aa båtbyggeri i Hyen gjekk i går kveld vidare til NM i vekstskaping.

Det er Ernst & Young Entrepreneur Of The Year som står bak kåringa.

Som ein hovudregel må eit selskap tilfredstille «3×20″ for å kvalifisere seg som vekstselskap og bli vurdert i dette som er det største vekstskaparprogrammet i verda. Det inneber 20 millionar kroner i omsetnad, 20 tilsette og 20 prosent vekst dei siste to åra.

Landsfinalen går av stabelen i Oslo 24. november, Brødrene Aa er ein av elleve deltakarar.