Hege Alme skuffar aldri og leverte også denne gongen førsteklasses soloprestasjonar. Men ho er også del av eit veldig bra kor.

Breimskoret leverte varene

God mat og god korsong er ein glimrande kombinasjon. Det fekk dei mange som fredag kveld hadde teke turen til Breimshallen, erfare.



Det vart ein triveleg kveld der Abba hadde ein sentral plass, i tillegg til popsvisker og norske Grand Prix melodiar. Alt putta inn mellom velsmakande rettar og baka inn i ei på alle måtar triveleg atmosfære i Breimshallen.

Kor med tradisjonar

Breimskoret har eksistert i 30 år og ein som har vore med sidan starten, Anders Hjorteset, meinte at koret har blitt betre og betre med åra. Det skal vi utan å nøle gje han rett i. For sin eigen del meinte Hjorteset at mykje går på rutine. Det same meinte Bjarne Bø som leverte ein strålande soloprestasjon i Rogewr Whittaker sin udøyelege klassikar "New world in the morning" Det er farleg å utrope "vinnarar" etter ein slik kveld, men Bjarne Bø leverte ein svært god søknad, spesielt når vi tek alderen med i vurderinga. Han har passert 70 år, men har kanskje ikkje vore betre enn han var denne kvelden.

-Det har vel noko med trening å gjere. Stemmebanda må trenast for å fungere, og eg har vore lenge i tralten, sa Bjarne etter at applausen hadde stilna.



Rutine og nye kostar

Eit kor må ha rekruttering for å fungere, i tillegg til rutine. Breimskoret har begge deler og vi høyrde  nokre ganske unge stemmer som sto fram som solistar fredag, og då tenkjer vi på Hanne Sunde og Mari Heggheim. Saman med dei meir rutinerte Hege Alme og Janne Gåsemyr fekk vi fleire gode kvinnelege solonummer, medan Sjur Atle Austrheim og Gunnar Atle Vereide sto for dei mannlege solonummera, ved sida av Bjarne Bø. Vereide har ei stemme som passa perfekt til "Just a gigolo" og "I aint got nobody"Sjur Atle Austrheim tolka Per Lillo Stenberg sin S´il vous plait. Han har vi kanskje høyrt betre, mellom anna med sine tolkingar av Willie Nelson.

-Vi har det veldig kjekt og det skal vere kjekt å synge i kor, var beskjeden frå dirigent og primus motor Solfrid Bjørkum etter at kvelden var omme. Ho gav uttrykk for å ver godt nøgd med premieren, noko ho har all grunn til.



 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bjarne Bø har neppe vore betre enn han var under premieren på kabareten til Breimskoret.
Sjur Atle Austrheim hadde fått ein melodi av Per Lillo Stenberg denne gongen. Ikkje heilt i same klasse som tolkingane hans av Willie Nelson, men likevel godkjent.