Breiband til bygdene

Utbygging av breiband, også til større og mindre bygdelag, er eit svært viktig distriktspolitisk verkemiddel. Det er heilt nødvendig om det framleis skal bu folk i distrikta, og det er vel noko dei fleste framleis ønskjer. Det vert ofte sagt at utbygging av breiband er like viktig som utbygging av vegar, og i det samfunnet som no vert bygt er det mykje sanning i det.

Difor er det gledeleg at vi nyleg kunne fortelje om fleire bygder i vårt distrikt der utbygging av raskare og betre breiband er på trappene. Vårt fylke har fått 18,5 mill. kroner til vidare utbygging av breiband. Det er mest av alle, men så er det også vi som ligg lengst bak i feltet, så det skulle eigentleg berre mangle.

Myklebustdalen er ei av mange bygder som lenge har arbeidd for å få betre breiband, her har det vore mobilisert med underskriftslister, og no kan snart arbeidet startast. Gloppen har fått 370.000 kroner, men kostnaden berre for dei 27 husstandane i Myklebustdalen ligg på over ein million, så her må det både eigenbetaling og dugnadsinnsats til. Dette er det verdt.

Les heile leiaren i papirutgåva fredag.