Illustrasjonsfoto frå Jostedalsbreen.

Breane smeltar tilbake også i 2017

NVE sine frontmålingar av 31 brear viser at i 2017 har 21 brear trekt seg tilbake, ni brear er uendra, medan målingar ved éin bre viste litt framgang. Nokre har trekt seg attende ei halv fotballbane.



Den største tilbakegangen i år hadde Nigardsbreen ved Jostedalsbreen (-54 meter), Gråfjellsbrea ved Folgefonna (-43 meter) og Koppangsbreen i Lyngen (-32 meter).

Mange norske brear hadde ein vekstperiode på 1990-talet, men etter år 2000 har alle breane minka. Midlare tilbakegang for 20 brear med samanhengande målingar sidan år 2000 er 237 meter. Breane i Noreg har den same utviklinga som breane i resten av verda. Årsaka til at breane trekk seg tilbake er at massebalansen – forholdet mellom kor mykje snø som fell på breen i løpet av vinteren og kor mykje snø og is som smeltar om sommaren – har vore negativ i lengre tid. Midlare massebalanse på ti brear med lange måleseriar i perioden 1995-2016 (21 år) er -0,7 mve/år, det vil seie at breane i gjennomsnitt har minka ca. 17 meter i tjukkleik.

I Sør-Noreg har 15 av 24 målte brear trekt seg tilbake. Åtte brear har lite endring medan éin bre har gått litt fram.

Rundt Jostedalsbreen har sju målte brear i snitt trekt seg tilbake 20 meter. Nigardsbreen i Luster har trekt seg 54 meter tilbake i år, og 367 meter tilbake i løpet av dei siste ti åra. Fem brear med samanhengande målingar har i gjennomsnitt trekt seg tilbake 247 meter dei siste ti åra.

I Jotunheimen har ni målte brear i snitt trekt seg tilbake 11 meter i år. Leirbrean på Sognefjellet har trekt seg tilbake 20 meter i år, og 140 meter dei siste ti åra. Dei siste ti åra har seks brear i snitt vorte 88 meter kortare.

I Hardanger har åtte målte brear i snitt gått 11 meter tilbake i år. Gråfjellsbrea på vestsida av Folgefonna har trekt seg 43 meter tilbake og 415 meter tilbake i løpet av dei siste ti åra. Rembesdalskåka på vestsida av Hardangerjøkulen har trekt seg tilbake 2 meter i år og 90 meter dei siste ti åra. Åtte brear har i snitt trekt seg tilbake 121 meter dei siste ti åra. Den eine breen som viste framgang i år er Svelgjabreen på sørsida av Folgefonna. Målingane der tok til i 2007, og brefronten har flytta seg lite i perioden. Fronten ligg no 11 meter bak posisjonen i 2007.

I Nord-Noreg har seks av sju målte brear trekt seg tilbake, medan éin bre viser stillstand. Fem brear med samanhengande målingar har i snitt trekt seg tilbake 168 meter dei siste ti åra.

I Nordland har tre målte brear i snitt trekt seg tilbake 7 meter i år. Engabreen, ein nordleg utløpar frå Svartisen, har trekt seg tilbake 8 meter i år, og 168 meter tilbake i løpet av dei siste ti åra.

I Nord-Troms og Vest-Finnmark har fire målte brear i snitt trekt seg tilbake 14 meter i år. Koppangsbreen i Lyngen har trekt seg tilbake 32 meter i år og 147 meter dei siste ti åra.

Dei 31 breane som vart målt i 2017 utgjer om lag 12 prosent av brearealet i Noreg.