Siste frå politiloggen. (Illustrasjonsfoto)

Braut vikeplikta

Ingen kom til skade då ein personbil og ein lastebil kolliderte på E39 på Vassenden torsdag kveld.

Det var føraren av personbilen som ikkje heldt vikeplikta inn på vegen, og politiet har oppretta sak på det. Det var to personar i personbilen, som skal ha fått materielle skader.

Både dei og føraren av lastebilen vart sjekka og dimittert på staden, melder Helse Førde.



Litt før klokka to natt til fredag rykte brannvesen og kraftlag ut til ein grasbrann under ein trafo i Daleskaret på Stad. Brannen spreidde seg på bakken, men etter ein liten time vart det meldt at elden var sløkt. Det var svidd av eit område 15-20 meter ut frå trafoen.



14 førarar fekk forenkla førelegg i ein fartskontroll i 60-sona på E39 gjennom Ålhus i Jølster torsdag kveld. Høgaste fart var 80 km/t. I tillegg fekk ein sjåfør førelegg for å bruke mobiltelefonen ulovleg.

På E16 mellom Flom og Aurland fekk fem førarar forenkla førelegg i 80-sona torsdag. Høgste fart var 108 km/t.

Torsdag ettermiddag fekk seks køyrande gebyr for å ikkje bruke bilbelte og like mange forenkla førelegg for å bruke handhalden mobiltelefon i ein kontroll i Øvre Årdal.

På Hafslo vart det eitt gebyr for bilbelte og to for feil mobiltelefonbruk.



I Førde rykte naudetatane ut til ein brann i ein ventilator. Ein person vart sendt med ambulanse til legevakt.