Brannen blei sløkt før det blei større skadar på bygningen.

Branntilløp i einebustad i Gloppen

Det byrja å brenne i bordkledningen til eit eldre bustadhus på eit gardsbruk på Hauge i Gloppen torsdag kveld.

Kvinna som budde i bustaden blei evakuert, utan skadar.

– Det var opne flammar, men personar i nabohuset blei varsla, kom til og spruta på godt med vatn. Det rauk ein del, så brannvesenet saga vekk bordkledningen for å sjekke under då dei kom til staden, opplyser politiførstebetjent Torbjørn Sælen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Røyken seiv inn i huset og utløyste brannvarslingsanlegget som er kopla saman med dei andre bygningane i tunet. Dette gjorde at brannen blei oppdaga såpass tidleg, fortel brannbefal Kjell Aske.

Ein av personane som kom til og sløkte brannen fekk i seg ein del røyk og blir sjekka for dette av helsepersonell.

Det blei berre mindre skadar på ein vegg på huset.

Politiet ønskjer ikkje å uttale seg om brannårsaka på det noverande tidspunktet.