Omkom i brann i Olden

Ein mann i 70-åra omkom i ein brann i einebustad i Olden natt til torsdag.

Politiet fekk melding om brannen klokka 02.03.

Brannen oppstod i kjellaren, og dei to personane som er busette på adressa, hadde kome seg ut av huset, opplyser Vest politidistrikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var opne flammar då naudetatane kom til staden, og ein person fekk livreddande førstehjelp på staden. Kring ein time seinare blei mannen stadfesta omkomen. Den andre personen vart flogen til sjukehus.

Brannen skal ha oppstått i kjellaren, men det brann i begge etasjar då brannvesenet var framme på staden.

Ved 3-tida fekk brannvesenet kontroll på brannen i første etasje, men det brann då framleis litt i andre etasje av bustaden. Litt før klokka 5 opplyste politiet at brannen var sløkt, og at brannmannskapa vil drive med ettersløkking. Huset er totalskadd.

Fylkesveg 60 Fjordvegen ved Muristranda i Olden var stengd på grunn av brannen i fleire timar, men Vegtrafikksentralen vest opplyste like etter klokka 4.30 at han var opna igjen.

(©NPK)