Foto: Benedikte Grov.

Brann i kjellar sløkt

Litt før kl. 21 fredag kveld melde 110-sentralen om branntilløp i ein kjellar i eit våningshus i Søreidsvegen i Gloppen.

– Ein del røyk. Skal ikkje vere flammar per no. Ikkje meldt personskadar. Mogleg nokon har vore eksponert for røyk. Brannmannskap på staden. Politi og ambulanse på veg, melde Vest politidistrikt på X fredag kveld.

Foto: Benedikte Grov.

Klokka 21:15 melde politiet at det ikkje var pågåande brann eller røykutvikling, og at det føregjekk utlufting.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjell Aske i Gloppen Brann og Redning fortel at brannen ser ut i å ha starta i det elektriske og smitta over i bygningskonstruksjonen.

– Røyken har trekt opp gjennom golvet opp i stova og løyst ut varslarar, fortel Aske.

Han seier innsatsen til huseigar og tidleg varsling gjorde at situasjonen løyste seg relativt greitt. Huseigar fann arnestaden for brannen, sløkte med pulverapparat og varsla brannvesenet.

– Vi har opna opp, kontrollert og dusja på vatn. No er det under kontroll. Huset blir lufta ut, så er det litt etterarbeid med det elektriske og nedvask, fortel Aske.