Bøndene bekymrar seg for redusert tilgang på utanlandsk arbeidskraft under koronapandemien. Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby/NTB/NPK.

Bøndene bekymrar seg over mindre utanlandsk arbeidskraft

Den avgrensa tilgangen på utanlandsk arbeidskraft er noko av det norske bønder slit aller mest med under koronapandemien.

Det kjem fram i ei undersøking Sentio har gjort for Frende Forsikring om korleis koronapandemien har ramma landbruket. 1.000 personar som jobbar innan landbruk er spurde i undersøkinga.

Frå midnatt natt til fredag blir grensene i praksis stengde for arbeidsinnvandring i minst to veker, og regjeringa har varsla at restriksjonane kan forlengjast.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Noko av det vi har jobba mest med under pandemien er sektorane som er avhengige av tilgang på utanlandsk arbeidskraft. Det er viktig å finne gode løysingar for næringane som har behov for utanlandsk arbeidskraft, som grøntnæringa, seier Astrid Solberg, som er organisasjonssjef og beredskapsleiar i Norges Bondelag.

(©NPK)