Bøndene vil ikkje starte jordbruksforhandlingar med staten. På biletet leiar i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes og leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag Kjersti Hoff på pressekonferansen under kravoverleveringa som markerte starten på jordbruksforhandlingane. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Bollestad skuffa over bøndene etter brot i jordbruksforhandlingane med staten

Landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) er skuffa over at bøndene ikkje vil setje seg ned ved forhandlingsbordet i jordbruksoppgjeret.

Tysdag la staten fram tilbodet sitt i jordbruksforhandlingane. Ramma for tilbodet i jordbruksoppgjeret er på rundt 900 millionar kroner. Det er langt mindre enn kravet frå bøndene på 2,1 milliardar kroner – og no vil ikkje bøndene starte jordbruksforhandlingar med staten.

Landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) legg ikkje skjul på at ho er skuffa over utfallet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg kjenner på ein utruleg skuffelse over at vi ikkje eingong sette oss ved forhandlingsbordet, seier ho.

– Har ikkje forstått alvoret

– Staten la fram eit tilbod som la godt til rette for å redusere inntektsforskjellen til andre grupper i samfunnet. I sum meiner eg dette gav godt grunnlag for vidare forhandlingar til det beste for næringa, seier Bollestad.

Det er Norges Bondelag langt frå samd i. Dei meiner at det verkar som om regjeringa ikkje har forstått alvoret i situasjonen.

– Avstanden var for stor mellom røyndomsforståinga til regjeringa og det inntektsløftet vi meiner er heilt nødvendig. Derfor bryt vi, seier leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag i ei pressemelding

– Eit skikkeleg inntektsløft må på plass for at inntektsgapet til andre grupper skal reduserast, og ein investeringspakke er heilt nødvendig for at mjølke- og storfebønder skal kunne gjennomføre Stortingets krav om lausdrift. Det var det ikkje mogleg å få til med regjeringstilbodet, seier Bartnes.

Har nådd grensa

– Kvardagen til mange bønder har vorte vanskeleg fordi inntektene er for dårlege. Mange har nådd grensa for effektivisering. Dei kan ikkje springe raskare og bli større, seier Bartnes.

Bondelaget opplyser at det vart brot fordi regjeringstilbodet ikkje tek den økonomiske situasjonen i landbruket på alvor.

Dei seier at det òg vart brot fordi regjeringa ikkje reduserer inntektsgapet, slik Stortinget har bede om, ikkje sørgjer for investeringar til jordbruket for å kunne gjennomføre Stortingets krav om lausdrift, og fordi regjeringa held fram kursen mot større og færre bruk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regjeringa vil no gå til Stortinget med ein proposisjon basert på tilbodet frå staten.