Det nye regelverket som tredde i kraft 15. februar får konsekvensar for haustens jaktsesong. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Blyhagl-regelverk skapar frustrasjon blant jegerar

Det er ikkje lenger lov å skyta med blyhagl for jegerar som jaktar i våtmarksområde. Det vekker reaksjonar blant jegerar.

I februar tredde eit nytt reglement i kraft som seier at det er forbode å skyta med og bera blyhagl ved jakt mindre enn 100 meter frå våtmarksområde, skriv NRK. Reglementet blei forhandla fram i EU.

– Det skal godt gjerast å alltid halda seg 100 meter unna kvar einaste vasspytt eller myrhòl. Uavhengig om du berre skal bera med deg blyhagl eller jakta. I alle fall utan å bryta reglane, seier leiar Linda Heitmann i Norges Jeger- og Fiskerforbund i Finnmark.

Artikkelen held fram under annonsen.

Direktør Morten Kjørstad i Statens naturoppsyn støttar Heitmann.

– Også fjell har bekker og våtmark. Så vår haldning er at det i realiteten i år er forbode å bruka blyhagl til småviltjakt. Det er òg bodskapet me ønsker å senda ut til jegerane, seier han.

– Dessutan er det jo ulovleg å ha blyhagl på kroppen nærmare enn 100 meter frå våtmark no. Så mitt råd er å ikkje tenka på å bruke blyhagl under årets jakt, legg han til. (©NPK)