Det vart ei mektig avslutning på kyrkjekonserten der alle artisane i fellesnummer prisa Herren og fekk publikum med på allsong

Bluegrass toppa kyrkjekonsert

Kyrkjekonserten blir gjerne kalla flaggskipet til norsk countrytreff. Årets utgåve skjemmer på ingen måte det namnet. det vart ei fin og stemningsfull oppleving, men der var ledige plassar.

Etter det vi har fått vite så sirkulerte det rykte om at konserten var utseld laurdag føremiddag, noko som kan vere forklaringa på at det var ein god del ledige plassar. Dette er i så fall synd sidan dette var ei oppleving endå fleire burde fått med seg.

Bluegrass toppa

Repertoaret til denne konserten var sjølvsagt tilpassa at konsertlokalet var ei kyrkje, og vi fekk også ei markering av terrorhandlingane i Frankrike med eitt minutt stille. Men før det hadde Longhorn frå Lærdal opna konserten med legendariske "Lord, I hope this day is good"kanskje best kjend i Don Williams sin versjon. Men lensmannen i Årdal, Kristen Olav Grøttebø, tolka faktiske den flotte songen betre enn dei fleste.

Også dei to hovudartistane under årets festival var med, og både Sweethearts of the Rodeo og Daryle Singletary leverte varene. Men det som toppa denne konserten var den amerikanske bluegrass gruppa The Larry Stephenson Band . Dei avslutta sin del av konserten med ein nydeleg versjon av Amazing Grace  framført a cappella og fleirstemt. Alle artistane stilte så opp til fellesnummer der alle prisa Herren gjennom songen "I saw the light"  og fekk publikum med på ståande allsong, noko som hausta lang og ekte applaus









 





 

 



 

Høgdepunktet under denne konserten var den amerikanske Bluegrass gruppa Larry Stephenson band.
Sveethearts of the rodeo
Daryle Singletary frå USA