BKK aukar utbytet

Styret i BKK foreslår eit utbyte til eigarane på 770 millionar kroner for 2018. Det er 235 millionar kroner høgare enn året før, skriv verksemda i ei pressemelding. 

– Det er styret sitt mål at eigarane årleg får utbetalt eit utbytte på 70 prosent av resultat etter skatt i BKK AS. Utbytet frå BKK tilfører eigarane verdiar som kjem heile befolkninga i regionen vår til gode. Totalt har BKK betalt ut 7,7 milliardar kroner i utbyte til eigarane dei siste ti åra. Styret ser utbytet som forsvarleg i forhold til selskapet sin soliditet og tilgang til finansiering av drift og investeringar framover, heiter det i pressemeldinga.

– Vi er godt fornøgde med fjorårets resultat. God kostnadsutvikling i underliggande drift, samt gevinst ved sal av aksjar i Fjordkraft er, i tillegg til høgare energiprisar og kraftproduksjon, hovudgrunnen til den positive resultatutviklinga. Våre medarbeidarar legg kvar dag ned ein betydeleg innsats og viser stor omstillingsevne, noko som er ein viktig føresetnad for det gode konsernresultatet. Arbeidet med lønsemdforbetringar går etter planen, og vi ser tydelige resultat av forbetringsarbeidet, seier konsernsjef Jannicke Hilland.

BKK sitt konsernresultat for 2018 er 1 705 millioner kroner etter skatt, ein auke på 826 millionar kroner frå 2017. Netto driftsinntekter var 3 956 millionar kroner mot 3 493 mill. kroner i 2017. Inntekter frå energisal utgjer 2 757 millionar kroner mot 2 076 millionar i 2017.