Leveringsproblem får skulda for nedgang i sal av nybil. Foto: NAF

Bilsalet går nedover – leveringsproblem har skulda

Nybilsalet er førebels 20 prosent lågare enn i fjor. Leveringsproblem grunna krig og pandemi er ein viktig årsak.

– Grunnen til nedgangen er ikkje fordi folk ikkje vil ha nye bilar, men leveringsproblem, seier Thor Egil Braadland, myndigheitskontakt i NAF i ei pressemelding.

Så langt i år er det kjøpt 74.000 nye bilar, ein nedgang på 20 prosent frå fjoråret. Då vart det kjøpt 92.000 nye bilar i same periode, ifølgje tal frå Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ventelister på ny elbil langt ut i 2023, og om du bestiller ein ny bil no er det ved unntak at forhandlarar kan levere nye bilar raskt og før nyttår, seier Braadland.

Så langt i år har 78 prosent av alle nye bilar vore ein elbil, ni prosent er ladbar hybrid og resten er bensin og dieselbilar. (©NPK)