Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Bilhjul kan falle av i fart etter hjulskift

Forsikringsselskapet If minner folk om å etterstramme hjulmutterane på bilen etter hjulskift. Kvart år får selskapet inn bilar med alvorlege karosseriskadar fordi hjula har losna.

– Det er berre flaks at menneske ikkje kjem alvorleg til skade. Dersom ein bil plutseleg mistar eit hjul i 80–90 kilometer i timen, er det lett å tenkje seg konsekvensane, seier informasjonssjef Sigmund Clementz i If i ei pressemelding.

Ulykkene skjer som regel i tida rundt dekkskifte. Grunnen er at småristing får mutterane til å bevege seg dersom dei ikkje er skrudde godt nok til.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Derfor er det viktig at du etterstrammar med hjulmutternøkkel etter 10–12 køyrde kilometer i etterkant av hjulskift. I dag er det faktisk bilar som kjem utan hjulmutternøkkel eller hjulkryss, men det er så viktig å ha at du bør kjøpe det og ha hjulkrysset liggjande i bilen. Eit enkelt hjulkryss kostar frå ein femtilapp og oppover, seier Clementz.

(©NPK)