Illustrasjonfoto.

Bil landa på taket

Skjelven og med litt vondt i hovudet melde 18-åringane sjølv frå til naudetatane etter at bilen han køyrde snurra og hamna på taket på Rv 60 i Marsåvika vest for Rake mellom Loen og Stryn.

Det var litt over klokka sju tysdag morgon at bilen gjekk rundt, og det er politiet på twitter som skriv at mannen melde i frå som han gjorde. Bilen vart liggande i høgre køyrefelt i retning Stryn, og det var ingen andre involverte. Det var ope i eitt felt slik at trafikk kunne passere. Redningsbil og ambulansen køyrde til staden. Medan det vart rydda opp vart trafikken dirigert forbi, og eit par timar seinare var vegen rydda og trafikken går som normalt.

Politiet har valgt å ikkje rykke ut, og skriv at dei vil følgje opp i ettertid.



• • •

I tidleg natt til tysdag vart E39 ved Mosemyra camping rett aust for Lavik stengt etter at ein betongbil hadde køyrt i fjellveggen. Sjåføren vart sjekka av ambulanse, men dimmitert på staden skriv Helse Førde AMK. I morgontimane var vegen framleis ikkje heilt open og bergingsbilar arbeidde for å fjerne betongbilen, og i åttetida var vegen open igjen melder Vegtrafikksentralen.

På Fv 614 mellom Svelgen og Isane stod eit utanlandsk vogntog fast måndag kveld. Vogntoget, som var utan last, stod og spann, og skapte trafikkale problem. Når politiet vart tilkalt klokka 17.33 hadde bilen alt stått fast i to og ein halv time. Sjåføren ville ikkje ha hjelp frå bilbergar, men til slutt tek tilkallt bilbergar vogntoget og sleper det til Svelgen.

• • •

I ein kontroll på Kjøs kontrollplass måndag ettermiddag vart to førarar melde for brot på køyre- og kviletidsreglane, medan to andre fekk åtvaring for mindre brot på same reglane. Eitt transportfirma vart sendt til bedriftskontroll, også her var det snakk om køyre- og kviletid.

To sjåførar fekk ikkje køyre vidare før dei hadde sikre lasta betre. Tre fekk ikkje køyre vidare før dei hadde rydda frontvindauge og fjerna gjenstandar i siktsona.

Ein sjåfør fekk gebyr for eit vinterdekk som ikkje hadde lovleg mønsterdjupne, og måtte skifte dette før han får køyre vidare

Seks andre vogntog vart kontrollert med fokus på transport av farleg gods. Desse hadde ikkje manglar.