Illustrasjonsbilete.

Bil køyrde i mur

Sjåføren kom frå det utan skader då ein bil fekk sleng og hamna i ein mur på E39 ved Helgheim måndag kveld, melder politiet.

I Fjærland måtte ein skadd turist hentast ned frå Mundalsfjellstølen måndag ettermiddag.

Heile 16 førarar fekk forenkla førelegg i ein fartskontroll i 60-sona gjennom Olden måndag. Høgste farta vart målt til 80 km/t.