– Eg kjende at eg låg på skive ein, det var mange meritterte skyttarar nedanfor meg, seier Leiv Reksten etter finalen i baneskyting klasse V55 på Landsskyttarstemnet på Lesja i går. I dag skyt han feltfinale. Foto: Per Svein Reed.

Berre nesten for Reksten

– Eg er misnøgd med måten eg gjennomførte på. Eg prøvde for lite, seier Leiv Reksten etter å ha skote 96 poeng og ramla frå første til sjetteplass etter finaleskytinga i går føremiddag.


Leiv Reksten, Nordbygda og Rand Skyttarlag, låg på skive ein i finalen i baneskytinga i klasse V55, men fire niarar må seiast å vere ein aldri så liten sprekk på dette nivået. Etter glimrande skyting og 249 poeng på grunnlaget, enda han på 345 og sjetteplass til slutt.

– Ei oppleving

– Alt i hop vart for pinglete og teknisk rett. Eg er litt irritert på meg sjølv no, seier Reksten når Firda Tidend pratar med han like etter at han har gått av standplass etter finaleskytinga.

– Eg hadde ikkje så mykje nervar på førehand. Eg sov godt i natt, det er eit bra teikn, så eg trudde tida var inne for å gjere det bra. Prøveskota var fine, dei sat midt i, men det prikka litt under bringa då det vart ropt ”klar om ti sekund”, fortel den røynde skyttaren frå Lote.

Han legg ikkje skjul på at han er skuffa over at han ikkje handterte presset på skive ein betre enn han gjorde.

– Eg har drøymt om skive ein i 40 år, så det var ei oppleving å ligge der, men eg trudde eg skulle ha takla det litt betre, seier han og legg til at sjetteplass i ei klasse med nesten 400 deltakarar slett ikkje er så verst:

– Viss du snakkar med meg om ein time, er eg nok godt nøgd.

Anders Metveit, Imenes, vann klasse V55 med 348 poeng etter å ha skote 100 i finalen.