Holvikejekta er unik. Målet er å byggje eit formidlingssenter rundt jekta til rundt 100 mill. kroner.

Ber om at Holvikejekta blir prioritert

Kultursjef Jan-Kjetil Øygard ber om at styret i Musea i Sogn og Fjordane prioriterer formidlingsbygget for Holvikejekta.

Det finst fleire vikingskip, men berre ei Holvikejekt. Det har ekspertar fleire gonger uttrykt når dei har vore på Sandane for å sjå jekta. Ho er unik, slår dei same ekspertane fast, ikkje berre nasjonalt, men i internasjonal samanheng.

– Holvikejekta er eit av våre aller viktigaste maritime kulturminne, slår Jan-Kjetil Øygard fast.

I 2013 vart det utarbeidd eit forprosjekt av Aaland Arkitektkontor som syner korleis jekta kan presenterast og takast vare på for ettertida. Forprosjektet skisserer eit formidlingssenter med presentasjon ikkje berre av jekta, men også jektefarten og båtbyggjartradisjonen.

Les meir i papirutgåva måndag.