Spekkhoggarar er eit flott syn, men Fiskeridirektoratet ber skodelystne om å halda avstand og ikkje bli for nærgåande. Illustrasjonsfoto: Jan Kåre Ness/NTB/NPK.

Ber folk halda avstand til spekkhoggarar

Bilete av spekkhoggarar i norske fjordar på sosiale medium har ført til at mange vil sjå dei store kvalane på nært hald. No blir folk bedne om å visa omsyn og ikkje bli for nærgåande.

– Eg trur det har mykje å seia for kvalane viss det er seks-sju båtar som putrar rundt dei, seier naturfotograf Simon Johnsen som står bak Facebook-gruppa «Spekkhoggarar i Hardanger» til Bergens Tidende.

Gjennom dei fire åra han sjølv har følgt dei svarte og kvite kvalane, har han sett at spekkhoggarane forandrar åtferd og jaktar mykje mindre når det kjem mange båtar rundt dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om folk ønskjer bilete av dei spektakulære dyra, er han klar på at ein får dei beste motiva frå land. Dersom folk er i båt, er oppmodinga hans å halda avstand og ikkje følgja etter kvalane.

Hos Fiskeridirektoratet er oppmodinga den same.

– Det er forbode å forstyrra kvalane. Du skal ikkje oppsøkja dei, seier kommunikasjonsrådgjevar Olav Lekve til avisa.

Han forstår at folk har lyst til å sjå nærmare på spekkhoggarane, men ber folk halda avstand. Dersom folk blir for nærgåande, peikar han på at kvalane kan bli stressa og få øydelagt jakta si.

Lekve kjenner ikkje til at ville spekkhoggarar har gått til angrep på menneske, men peikar på at det er store dyr og at det er lett å få seg eit slag om ein kjem for nær dei.