Mange bedrifter droppar julebordet i år. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Bedrifter i heile landet avlyser julebord

Ei undersøking blant 1.853 av NHOs medlemsbedrifter viser at 53 prosent droppar årets julebord, 26 prosent held på tradisjonen og 21 prosent er usikre.

Arbeidsgivarar i heile landet strammar inn på festane før jul, men det er Oslo som skil seg ut som strengast, skriv Dagens Næringsliv.

I hovudstaden opplyser 61 prosent av bedriftene som arrangerte julebord i fjor, at dei droppar det i år. Berre 21 prosent gjer som i fjor, medan 18 prosent er usikre.

– Eg er glad for at Oslo-bedriftene ser ut til å ta oppmodinga om ikkje å planleggje for tradisjonelle julebord på alvor. Vi er avhengige av at alle bidreg om vi skal få redusert smitten i Oslo, seier byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) til avisa.

Arbeidslivsdirektør Nina Melsom i NHO seier tala er dystre fordi det er ein viktig sesong for ein hardt ramma bransje og at årsakene er samansette.

– Ei viktig årsak er nok òg at mange har permitterte eller har sagt opp nyleg, og at det kjennest unaturleg å ha ein fest i ein sånn situasjon. I tillegg har det verknad når Raymond Johansen går ut og rår mot julebord, seier Melsom.

Johansen presiserer at juleavslutningar og arrangement kan gjennomførast i mindre grupper, og at det å bruke restaurantar og andre proffe aktørar kan bidra til å sikre smittevernet.

(©NPK)