Leiar i Noregs Bondelag, Lars Petter Bartnes, er attvalt og får ein ny periode. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Bartnes attvalt som leiar i bondelaget

Lars Erik Bartnes er attvald som leiar i Norges Bondelag. På Bondetinget vart det ein oppheita debatt om plassen til grøntnæringane i styret.

Bartnes og resten av leiinga vart som venta attvalt då Norges Bondelag heldt årsmøtet sitt, kalla Bondetinget. Men det vart strid om ein av styreplassane, skriv Nationen.

Representantane for grøntnæringane tok nemleg opp at dei ikkje er representerte i styret, og sørgde for kampvotering om ein av styreplassane. Den tapte dei, og innstillinga frå valkomiteen på Arthur Salte som nytt styremedlem gjekk gjennom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje Nationen vart det omtalt som ein katastrofe og forkasteleg at grøntnæringa ikkje var representert.

– Grøntsektoren står for 12–13 prosent av verdiskapinga. Vi er større enn korn, som har rundt 10 prosent av omsetninga, sa Gartnerhallen sin leiar Per Olav Skutle.

(©NPK)